YTRE FURE

Fellestur

Dato
28. april kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Ytrefure, Indrefure, Stadhalvøya, Deringenskulletruatnokonkunnebu
Arrangør
Ytre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Oppmøte: Indre Fure

Tid: Kl 11.00

Turleiarar: Ansgar Lillebø og Vigdis Hatlenes

Bli med oss på tur til Ytre Fure!

Dette har i mange år vore ein av våre mest populære turar.Flott familietur, der både små og store kan delta. Stien er litt smal nokre plassar, med bratte parti ned mot sjøen, men det er fint å gå.

Turen startar på Indre Fure, i eit av få bebudde klyngetun som er igjen her i landet. Dei fastbuande sørger for at her er ei overveldande blomsterflor frå tidlig vår. Den gamle skulestova er omgjort til museum.

På Ytre Fure blei siste huset fråflytta ca 1960. Etter det var der folk om sommaren, som b.l.a. dreiv med laksefiske. Husa er holdt ved like, og eigarane er fortsatt å finne der om sommaren. Furestaven på Ytre Fure er ein av to plassar i Selje Kommune der det er funne kleberstein.

Turen mellom Indre og Ytre er som å gå i eit eventyr! Vi går litt på sti og litt i fjæra. På eine sida av stien heng kaprifol utfor ville fjellsider, rosenrot og andre plantar klamrar seg fast i fjellsprekker. På andre sida er havet, bølger, tare, strandkanten og steinar som er glattslipt i alle fasongar. Vi kan også kvile auga på ein hjartestein. Her er eit eldorado for dei som likar å ta bilder!

Turen tek ca 1 time kvar veg. Ansgar har hatt ansvar for denne turen i mange år, og kjenner turen, og Ytre Fure godt.

 

 

YTRE FURE

Oppmøte: Indre Fure Tid: Kl 11.00 Turleiarar: Ansgar Lillebø og Vigdis Hatlenes Bli med oss på tur til Ytre Fure! Dette har i mange år vore ein av våre mest ...

Kontaktinformasjon:

  • Ansgar Lillebø og Vigdis Hatlenes
  • Tlf. 91366472