YTRE FURE

Fellestur

Dato
26. april kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Stadhalvøya, Ytrefure, Indrefure, Ifjæra
Arrangør
Ytre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Oppmøte: Indre Fure

Tid: Kl. 11.00

Turleiarar: Ansgar Lillebø og Vigdis Hatlenes

Bli med oss på tur til Ytre Fure!

Dette har i mange år vore ein av våre mest populære turar. Flott familietur, der både små og store kan delta. Stien er litt smal nokre plassar, med bratte parti ned mot sjøen, men det er fint å gå.

Vi går litt på sti og litt i fjæra. På eine sida av stien heng klematisen utfor ville fjellsider, rosenrot og andre plantar klamrar seg fast i fjellsprekker. På andre sida er havet, bølger, tare, strandkanten og steinar som er glattslipt i alle fasongar. Vi kan og kvile auga på ein hjartestein.

Her er eit eldorado for dei som likar å ta bilder!

Turen tek ca 1 time kvar veg.

 

 

YTRE FURE

Oppmøte: Indre Fure Tid: Kl. 11.00 Turleiarar: Ansgar Lillebø og Vigdis Hatlenes Bli med oss på tur til Ytre Fure! Dette har i mange år vore ein av våre mest ...

Kontaktinformasjon:

  • Ansgar Lillebø og Vigdis Hatlenes
  • Tlf. 97503536, 91366472