Oppmøte: YX Stasjonen på Grodås
Tid: Kl. 11.00
Turleiar: Egil Kvalheim
Turen tek ca 6-7 timar.
Frå YX stasjonen på Grodås køyrer vi i lag til Honndalssætra på ca 400 moh.
Hugs å ta med pengar til bomveg!
Fyrste del av turen går på anleggsveg, som er frå Tussa utbygginga i 1960 åra. Vi kryssar elva, og om litt startar vi på den bratte stien Rokkeråsa. Her er det ein del stein, så vi må vere litt varsam. På ca 1220 moh har vi kome opp den bratte stien, og vi går nordover på snøfonner.
Den majestetiske toppen ligg på 1529 moh.
På vestsida ser vi rett ned i Tussevatnet, eller Rokkevatnet, og på fjella Hatten og Rokkekjerringa.
Hornindalsrokken Foto: Gunnar Iversen