Hei og hopp!
Det er no tid for haustens Kom deg ut-dag! Denne gongen blir det sykkeltur til Skårbø. Vi møter i parken i Selje sentrum kl 1200, og syklar i lag. Det vil bli quiz på vegen utover. Leik og moro i fjøra, og trekking av premiar på quizen.
Alle tar med eigen mat og drikke, evt grillmat. Vi stiller med grillmuligheter.
Minner om sykkelhjelm
Dei som ikkje har sykkel og utstyr, kan sjekke med BUA Selje, og høyre kva dei har til utlån. Hugs at dette må sjekkast på førehand, pga endra opningstider.
Alle barn MÅ ha med seg ein vaksen på våre arrangement.
Pga corona-situasjonen oppfordrer vi alle til å halde avstand.
Set av dagen og bli med oss på tur
Foto: Barnes Turlag Selje