Horningdalsrokken

Fellestur

Dato
14. august kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Ytre Nordfjord Turlag

Ein tek av frå hovedvegen og på bomveg 1,5 km opp til Honndalssetra. Det er parkeringsplass like sør for setra. Vidare kan ein følje anleggsvegen frå Tussautbygginga i 1960-åra, på vestsida av dalføret. Ved enden av vegen kryssar ei elv og følgjer merka sti langs vatnet med namnet Store Luka. Frå nordenden av vatnet går den bratte stien Rokkeråsa opp i skaret før Rokken. Det er ein del stein i stien, så ein må være varsom. Dette er ein tung tur så det kan være greit å ha tatt visse forhåndsreglar vedr eigne ferdigheter i fjellet før ein blir med på slik tur. Vel oppe på toppen er det ei fantastisk utsikt og ein ser heilt til Ålesund langt der oppe mot nord.Turen er 14 km tur/retur.

Kontaktinformasjon:

  • Egil Kvalheim og Inge - Jarl Kvalheim
  • Tlf. 91331234