Kjempe flott tur til Blæja 1142 moh

Blæja
Blæja Foto: Siw Persson

Bjarte Refvik og Karin Eltvik var turledere på Blæja i Vanylven. 

Turleiar Karin fortel "Vi var 3 personer utenom turlederane som møttes ved Coop i Syvde. Vi køyrde forbi Røfsdalssætra (274 moh) og fram til Lundagjerde der vi parkerte. Frå parkeringsplassen gjekk vi oppmerka sti inn mot vatnet i Lisjerøfsdalen før vi svinga oppover til Joledalen (703 moh). Her hadde vi vår første pause med utsyn mot begge blæjene, fjella rundt og Jolevatnet.

Vidare gjekk vi oppover mot Lisjeblæja (1032 moh) der vi hadde pause med påfyll av litt mat og drikke. Og såg like til Hornelen og Kråkenes. Over Blæjeegga gjekk stien, og vidare opp Klungrepassasjen og til slutt på Blæja (1142 moh) med fantastisk utsikt alle vegar. På grunn av skodde og skyer fekk vi ikkje den beste utsikta, men vi var heldig med veret heile turen.

Vi brukte ca 3 timar opp og ca 2 timar ned.

Ein flott tur i eit flott turfølge

Takk for turen!"

Blæja
Blæja Foto: Siw Persson
Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik
Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik
Blæja
Blæja Foto: Siw Persson
Blæja
Blæja Foto: Siw Persson
Blæja
Blæja Foto: Siw Persson
Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik
Blæja
Blæja Foto: Siw Persson
Blæja
Blæja Foto: Siw Persson

Skrevet av Hilde Barmen 7. august 2017