Årsmøte 07.11.17

Blæja
Blæja Foto: Siw Persson

7. november avholdt YNT årsmøtet for  2017. Styreleiar Tor Magne fortel om stor aktivitet på turar og stor deltaking på Vintertrimmen.

Vintertrimmen er ein av hovudaktivitetane til YNT og her har det vore ein formidabel auke dei siste åra. Forrige sesong starta vi med klippekort, og det vart solgt heile 380 kort. I år er det allereie solgt overe 25o kort. Nytt av året er at også Vintertrimmen Junior i Vågsøy også har starta med klippekort. Her er alleire over 100 solt på omlag ein månad. Som tidlegare år har Notabene stilt opp og solgt Vintertrimkorta for YNT. Vi ynskjer å rette ei stor takk til Notabene for eit godt samarbeid!

Turane har vore varierte - frå høge tindar  og toppar, til småturar i nærområdet med Barnas Turlag. YNT har no Barnas Turlag både i Vågsøy, Selje og på Stadtlandet. Mange deltek på turane, og arrangement som Kom deg ut dagen.

Skongenes Fyr er ei DNT- hytte som YNT driftar. Her har det vore ei stor auke med overnattingsgjestar, og det er no vel 400 overnattingar på fyret i år. For tre år sidan vart det sett inn DNT-nøkkel slik at alle medlemmer kan nytte fyret meir, samt at YNT slepp ansvar for booking.

Turprogrammet for komande år er klart: 

29.03.31.03.fotturBlå-middelsOpe fyr 
08.04.
fotturRaud-krevjandeSkolma via Hagevikhornet
21.04.
fotturRaud-krevjandeStalbrekka frå Måløy
29.04.
fotturBlå-middelsYtre Fure
10.05.
fotturBlå-middelsDua
26.05.
fotturRaud-krevjandeVetvik
08.06.10.06.fotturBlå-middelsDugnadshelg på Skongsneset
10.06.
fotturBlå-middelsKonsert med Jørn Moen og Hege Støylen Alme
17.06.
fotturBlå-middelsStaurdalseggja
01.07.
fotturRaud-krevjandeLisjetoren
11.08.
fotturRaud-krevjandeEggenipa
12.08.
fotturRaud-krevjandeBlæja
18.08.19.08.fotturRaud-krevjandeGjegnen
26.08.
fotturRaud-krevjandeSlogen
01.09.
fotturBlå-middelsMosekleivhornet
09.09.
fotturRaud-krevjandeHornindalsrokken
16.09.
fotturRaud-krevjandeHornelen


Styret består no av : 

Styreleiar Tor Magne Gangsøy,

Nestleiar Ronny Saltkjel,

Økonomi Anne Grete Sætren,

Sekretær Karin Eltvik,

Styremedlem Arve Per Kvalheim,

Styremedlem Bjarte Refvik,

Styremedlem Torill Saltkjel Eldevik

Stryremedlem, Therese Solibakke

Vi ynskjer velkommen til eit nytt tur år! Håpar å sjå DEG på tur!



Barnas turlag til Noranakken
Barnas turlag til Noranakken Foto: Helene Hunskår

Skrevet av Hilde Barmen 15. november 2017