Turrapport- Skolmen 08.04

Tur til Skolmen via Hagevikhornet
Tur til Skolmen via Hagevikhornet Foto: Torill Saltkjel Eldevik

Årets fyrste fellestur i Vågsøy gjekk til Skolmen 598 moh via Hagevikhornet frå Saltkjel. Torill Saltkjel Eldevik var turleiar for første gang og har sendt inn  flotte bilder og skrevet rapport frå turen.

Vi var fem vaksen som gjekk turen og hunden Bruno var også med. Turen starta frå bussskuret på Saltkjelen og stien går bratt oppover til ein kjem opp på høgda over Saltkjelen. Så går turen slakt vidare oppover mot Hagevikhornet. Frå Hagevikhornet har ein flott utsikt over Ulvesundet både til Måløy og til Raudeberg. Så snur vi ryggen til Ulvesundet og setter kursen mot Skolmen. Der var ein del råtten snø i stien så vi fulgte ryggen oppover til Skolmen. På toppen er der ei fantastisk utsikt nordover mot Silda og ned i Sørpolljen. Været på turen kunne nok vert betre med litt tåke og små regn, men det vart ein fin tur allikavel.

Deretter gjekk vi ned til Hagevikvatnet og bort til jakthytta som er eigd av eigarane til Hagevik Tønnefabrikk. Der er gode stiar heilt ned igjen til Tønnefabrikken. Turen tok litt over tre timar.

Turleiar var Torill Saltkjel Eldevik.

Tur til Skolmen via Hagevikhornet
Tur til Skolmen via Hagevikhornet Foto: Torill Saltkjel Eldevik
Tur til Skolmen via Hagevikhornet
Tur til Skolmen via Hagevikhornet Foto: Torill Saltkjel Eldevik
Tur til Skolmen via Hagevikhornet
Tur til Skolmen via Hagevikhornet Foto: Torill Saltkjel Eldevik

Skrevet av Hilde Barmen 9. april 2018