Dugnadshelg på Skongenes fyr 08.-10. juni

Dugnadshelg og konsert på fyret 8.-10.juni
Dugnadshelg og konsert på fyret 8.-10.juni Foto: Tor Magne Gangsøy

"Da var dugnadshelga over og dugnadsgjengen kan komme seg heim til velfortjent kvile" fortel Tor Magne Gangsøy, styreleiar i Ytre Nordfjord Turlag.

Han fortel vidare  Dei fleste er nok glade for att det er arbeidsdag i morgon og ein litt roligar tilværelse. Fredag blei det jobbing til 01:00 og laurdagen blei det ei økt på 12 timar. Men for en herlig gjeng det har vært, vi har fått mala mesteparten av bygningsmassen, bytta vindu, slått plen, luka ugras, bytta sengekle, flikka, sparkla, rydda, pussa, gnikka og gnudd. Det står stor repekt av det denne gjengen fekk til. Dugnadshelga vart avslutta med konsert, der Helge Johnsen fortalde om sine opplevingar ute på fyret som liten. Minna om mor sine ferske brød sto sterkt i minne. Artistane Hege og Jørn spelte dei venaste tonar og heile 120 personar tok turen til fyret vårt denne dagen. Tusen takk til dugnadsgjengen og dei mange tilskodarane som tok turen.

Dugnadshelg
Dugnadshelg Foto: Tor  Mange Gangsøy
Dugnadshelg og konsert på fyret 8.-10.juni
Dugnadshelg og konsert på fyret 8.-10.juni Foto: Tor Magne Gangsøy
Dugnadshelg og konsert på fyret 8.-10.juni
Dugnadshelg og konsert på fyret 8.-10.juni Foto: Tor Magne Gangsøy
Dugnadshelg og konsert på fyret 8.-10.juni
Dugnadshelg og konsert på fyret 8.-10.juni Foto: Tor Magne Gangsøy

Skrevet av Hilde Barmen 10. juni 2018