Turrapport- Blæja 12.08

Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik

Søndag gikk turen til Blæja (1142 m.o.h) i Syvde. Karin Eltvik var turleiar.

Turen til Blæja starta ved Lundagjerdet helt i enden av vegen forbi Røfsdalssætra (274 moh). Det kom tre, som var med på turen. Vi gjekk oppmerka sti inn mot vatnet i Lisjerøfsdalen før vi svinga oppover til Joledalen (703 moh). Her hadde vi vår fyrste pause med utsyn mot begge blæjene, eggja, fjella rundt og Jolevatnet.

Vidare gjekk turen oppover og over ei steinrøys mot Lisje-Blæja (1032 moh). Her fekk vi nyte ei flott utsikt ut Syvdefjorden, til Kråkenes og Stadt. Bak oss var det dessverre litt skyer. Vidare gjekk  vi over Blæjeeggja, opp Klungrepassasjen og til slutt Store-Blæja (1142 moh). Her satt vi å hadde kaffi- og matpause. På grunn av skodde så fekk vi ikkje sett så mye av den flotte utsikta, men det letta på veg ned.

Vi brukte ca 3 timar opp og ca 2 timar.

Ein flott tur i eit flott turfølge.

Tusen takk for turen!


Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik
Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik
Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik
Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik
Blæja
Blæja Foto: Karin Eltvik

Skrevet av Hilde Barmen 15. august 2018