Turrapport- Slogen 26.08.18

Slogen
Slogen Foto: Siw Persson

Søndag 26. august gikk turen til Slogen. 

Arne Jon Kandal og Jan Perry Osnes var turleiarar til Slogen søndag 26. august. Turleiar Arne Jon fortel: "Vi hadde ein fin tur til Slogen søndag 26. august. To personer slutta seg til gruppa på Engeset.

Vi hadde ein fin tur med variert vêr. Vi var ei gruppe som hadde fint jamnt tempo. Vi brukte litt over 8 timer tur/retur Engeset.

På toppen snødde det; så det blei litt sleipt og glatt da vi gikk opp og ned like før toppen. Tauet eg hadde med var avgjørende for at alle kom heilt opp.  Vi møtte fleire like før toppen som også brukt tauet vårt. Utsikten blei ikkje heilt bra; men glimtvis fekk vi sjå den flotte utsikten. Vi hadde også litt sol på turen.

Vi møtte mange hyggelige mennesker. Matpause hadde vi på Patchellhytta både på opptur og nedtur. Denne hytta som Ålesund turistforening disponerer er ein flott hytte å overnatte på og eg anbefaler den til overnatting og til fine turer i området.

Turen tilbake til Engeset var rask og effektiv. Alle ga uttrykk for at dei var svært fornøyd med turen."

Slogen
Slogen Foto: Arkadiusz Zielinski
Slogen
Slogen Foto: Arkadiusz Zielinski
Slogen
Slogen Foto: Siw Persson

Skrevet av Hilde Barmen 30. august 2018