Årsmøte 13.11.18

Mosekleivhornet
Mosekleivhornet Foto: Tor Magne Gangsøy

Tirsdag kveld vart det arrangert årsmøte i Ytre Nordfjord Turlag.  

Styreleiar Tor Magne leia årsmøtet saman med ordstyrar Arve Idar Utnes. Det var rundt 15 personar som deltok på årsmøtet.

Jette Bergfjord frå Sogn og fjordane turlag var tilstades og fortalde om satsinga på aldersgruppa 13-26 år, "DNT Ung". Satsinga på denne gruppa har som mål å gje tilbod om turar og enkel friluftsliv for  barn/ungdom som vokser ut av Barnas Turlag.   Jette er nyleg tilsett i ei 50% stilling i Sogn og fjordane turlag. Du kan lese meir om henne her. 

Styreleiar Tor Magne informerte å søknad til Kystverket og godkjenninga derifrå til å ta over drifta av Kråkenes Fyr.  Dette vert eit spanande arbeid framover. Styreleiar ser eit stort potensial der ute, og mange har allereie tatt kontakt for å ta turen til Kråkenes. Dørene opnar for overnatting 1. mars 2019. Overtakelsen av fyret har fått mykje oppmerksomhet i media i det siste. Bland anna har DNT laga ein artikkel om dette. 

Ytre Nordfjord turlag har rundt 250 medlem. Vi er eit lokallag med fleire underavdelingar. Barnas Turlag har tre grupper, ei i Selje, ei på Stadtlandet og ei i Vågsøy. I tillegg er Vintertrimmen og Vintertrimmen jr eit veldig populært tilbod. Sesongen 2017/18 vart eit rekordår for Vintertrimmen jr i Vågsøy. Skongenes Fyr har fått ei positiv oppsving dei siste åra og i år var det rekordmange som ville overnatte der. 430 overnattingar var det på fyret i år. Det var også ein konsert der ute i juni med oppmøte på 120 personar. 

Årsmeldingar og bilder på årsmøtet syner eit lokallag med stor aktivitet.

Det er gledeleg at fleire av styremedlemmene stiller til gjenvalg. I tillegg er det svært gledeleg at styret får to nye medlem; Egil Kvaleheim vert styremedlem og Tonje Husevåg blir ny leiar for Barnas Turlag Vågsøy .




Kom deg ut dagen 2. september
Kom deg ut dagen 2. september Foto: Wenche Gangsøy

Skrevet av Hilde Barmen 15. november 2018