En drøm gikk i oppfyllelse på Kråkenes fyr

Konsert med Hilde Selvikvåg
Konsert med Hilde Selvikvåg Foto: Hilde Barmen

Hilde Selvikvåg frå Jæren reiser denne våren rundt på sin første turné aleine- berre ho og pianoet.  Ho fortel at ho ville besøke plassar med sjel og ei spesiell ramme rundt konsertane. Øverst på denne lista stod Kråkenes  Fyr.

Lørdag var det to fulle konsertar på Kråkenes fyr. Fengane musikk og fine tekstar rørte publikum både til latter og tårer. Hilde delte historiar frå livet sitt mellom sangane. Bestemora hennar kom frå Kvalheim og var busett i Måløy då Hilde Selvikvåg var born. Hilde og familien besøkte ofte Måløy. No var det mange år sidan Hilde har vore på desse trakter, men minnene om Revikja og Kannsteinen var brent fast og står fram som gode barndomsminner. Av den grunn var det difor ekstra spesielt for henne å holde konserten her.

I tillegg til å holde konsertar og drive med musikk har Hilde eit stort hjerte for eldre og at dei skal ha gode kvardagar. Medan ho er på turné besøker ho også sjukeheimar og syng for eldre. I tillegg går overskuddet av salget hennar til Nasjonalforeningen for folkehelse som jobbar for bl.a finne ein kur for demens. 

Tusen takk for ei nydelig stund på Kråkenes fyr Hilde Selvikvåg. Denne kvelden går inn i minneboka!


Konsert med Hilde Selvikvåg på Kråkenes Fyr
Konsert med Hilde Selvikvåg på Kråkenes Fyr Foto: Hilde Barmen
Foto: Anne-Grethe Remme
Konsert på Kråkenes fyr med Hilde Selvikvåg
Konsert på Kråkenes fyr med Hilde Selvikvåg Foto: Hilde Barmen
Konsert på Kråkenes fyr med Hilde Selvikvåg
Konsert på Kråkenes fyr med Hilde Selvikvåg Foto: Hilde Barmen
Konsert på Kråkenes fyr med Hilde Selvikvåg
Konsert på Kråkenes fyr med Hilde Selvikvåg Foto: Hilde Barmen

Skrevet av Hilde Barmen 17. mars 2019