Turrapport Kvamefjellet 05.05.

Tur til Kvamefjellet
Tur til Kvamefjellet Foto: Torill S. Eldevik

Søndag 5. mai gikk turen til Kvamefjellet, høgaste toppen i Selje Kommune med sine 774 moh. 
Oppmøtestad var Berstad i Moldefjorden. Turleiar var Torill Saltkjel Eldevik.

Turleiar Torill fortel: Vi var 3 vaksne og hunden Bruno som gjekk denne turen. Første del av turen gjekk oppover mot skogen i glatt og vått terreng. Når vi kom over skoggrensa traff vi den første snøen. Været var greit, med enkelte små sluddbyger innimellom. Turen gjekk heilt fint opp til platået før siste kneika opp mot toppen. Der var det ganske mykje snø i stien og vi sleit med å ta oss gjennom dei djupe fonnene, men vi kom oss opp tilslutt. På toppen tok vi oss ei velfortjent pause. Den vart ikkje så lang for plutselig begynte det å blåse og snø kraftig så vi fant ut at det var best å komme seg nedigjen. Turen nedigjen gjekk heilt fint.

Turleder Torill takker for turen.

Tur til Kvamefjellet
Tur til Kvamefjellet Foto: Torill S. Eldevik
Tur til Kvamefjellet
Tur til Kvamefjellet Foto: Torill S. Eldevik
Tur til Kvamefjellet
Tur til Kvamefjellet Foto: Torill S. Eldevik
Tur til Kvamefjellet
Tur til Kvamefjellet Foto: Torill S. Eldevik

Skrevet av Hilde Barmen 9. mai 2019