Turrapport Troda 07.07.2019

Heile turfølget
Heile turfølget Foto: Torill Saltkjel Eldevik

Vi var 17 turglade  som møtte opp ved Davik skule og ville gå turen opp på Troda.

Været var ganske bra med litt overskya og litt vind. Vi fordelte oss i biler og kjørte opp til vannverket, der vi parkerte og begynte på turen.

Første del av turen gjekk opp ein grusveg som til tider kan vere litt bratt. Vi stoppa på toppen av grusvegen for å samle troppene, før vi gjekk vidare opp til Helberghogen som ligg på 500 moh. Her tok vi ein liten rast og beundra utsikta.

Vi var alle litt spente på om vi ville nå toppen sidan det var ein del skodde oppe i fjellet.

Vi gjekk vidare etter ei lita pause, og følgde stien vidare opp til Klebergola som er navnet på ein godt synleg varde nedan for Troda. Skodda låg rundt toppen av Troda, men vi såg godt merkingane oppover, så vi fortsatte mot toppen.

Vi brukte ca 2,5 time opp på toppen. Utsikta var dessverre ikkje den beste. Vi håpa i det lengste at det skulle lette litt slik at vi kunne få glimt av den fantastiske utsikta som er der oppe på godværsdager, men slik vart det ikkje.

Vi får satse på betre vær neste gong. 

Turleder Torill takker så mykje for turen ilag med ein kjekke turgjeng, og ønsker alle ein flott tursommer.

Ein optimistisk gjeng på veg oppover
Ein optimistisk gjeng på veg oppover Foto: Torill Saltkjel Eldevik
"å vente på ei glede er også ei glede"
"å vente på ei glede er også ei glede" Foto: Torill Saltkjel Eldevik
Skodda låg der, i høgda......
Skodda låg der, i høgda...... Foto: Torill Saltkjel Eldevik
Fin varde
Fin varde Foto: Torill Saltkjel Eldevik

Skrevet av Vigdis Hatlenes 8. juli 2019