Turrapport- Slogen 01.09.19

Foto: Otto A. Sandvik

Slogen (1564m) er av mange rangert som topp 10 av fjellturer i Norge. Tradisjonene tru var Arne Jon Kandal og Jan Perry Osnes turleiar til Slogen.

Arne Jon skriv i turrapporten: "Værmelding om sterk vind i området gjorde oss litt usikre før start. Vi har hatt tur til Slogen i mange år uten å avlyse den. Fleire trakk seg fra turen blant anna på grunn av værmeldingene.

Vi starta fra Liasetra, som er enden av ein bomveg fra Engeset ved Stranda. Dette er eit fint utgangspunkt for å bestige Slogen. 

Vi var tilsaman 7 turdeltakarar. I fin sol og god sikt gjekk vi først opp Habostadalen mot Patchellhytta(818m over havet). Vi så dei majestetiske Brekketindane til høgre og til venstre så vi dei stupbratte Smørskredtindane. Dette var svært flott i dette klare vêret sjølv om det var ein del vind.

Patchellhytta er det idelle utgangspunkt for blant anna for å bestige Slogen.Denne sjølvbeteningshytta er i god stand med mange overnattingsplasser.

Etter ei kort matpause ved hytta starta vi på sjølve oppstigningen mot Slogen. No blei det meir vind med litt regn. Alle hadde kledd seg godt til turen så vêret var foreløpig ikkje noko problem. Vi prøvde så godt vi kunne å gå i ly av vinden.

Vi såg toppen nesten heile tida medan vi gjekk.

På veg opp fann ein av turdeltakarane ein sekk, den var godt skjult av stein. Vi møtte bare 2 personar som kom fra toppen. På turen tilbake til Patchellhytta tok eg med sekken dit. I sekken fann vi blant anna ein yoghurt med utløpsdato september 2017. Da har sannsynleg sekken ligget der minst eit par år. Det stod Aakre på sekken, ikkje meir. Eg plasserte sekken på hytta og ringte Ålesund/Sunnmøre turistforening som har ansvaret for Patchellhytta om dette funnet. Sekken ligger no trygt på hytta her.

Turen mot toppen gjekk fint. På slutten er det litt klyving. Alle kom seg til toppen! Eg la ut eit tau som var godt å halde i, særleg på nedturen. Det regna ein del medan vi var på toppen. Utsikta på toppen var ikkje den beste, men vi så dei næraste toppane og ned i Norangdalen.

Turen ned til Patchellhytta og vidare til Liasetra gjekk fint sjølv om vêret blei dårlegare. I sekstida var vi nede ved bilane på Liasetra.

Alle var samde om at dette hadde vore ein fin tur. Eg sa før vi starta at det er ikkje heilt sikkert at vi kom på toppen på grunn av melding om kraftig vind på toppen. Vêret var betre enn vi frykta. Turdeltakarane: Atle, Regine,Solveig,Anita og Otto var svært nøgde med turen. Dette var kjekt å høyre for turleiarane Jan Perry og Arne-Jon".

Foto: Otto A. Sandvik
Patchellhytta
Patchellhytta Foto: Otto A. Sandvik
Foto: Otto A. Sandvik

Skrevet av Hilde Barmen 4. september 2019