ÅRSMØTE 12.11.2019

ÅRSMØTE
ÅRSMØTE Foto: Vigdis Hatlenes

Tirsdag kveld vart det arrangert årsmøte i Ytre Nordfjord Turlag.

Styreleiar Tor Magne leia årsmøtet saman med ordstyrar Arve Per Kvalheim.

Det var 9 personar som deltok på årsmøtet.

Ytre Nordfjord Turlag har rundt 320 medlem.  Vi er eit lokallag med fleire underavdelingar. Barnas Turlag har tre grupper. Ei i Selje, ei på Stadlandet og ei i Vågsøy. I tillegg er Vintertrimmen og Vintertrimmen Jr. eit veldig populært tilbod. Det er gjennomført 12 fellesturar, med deltakarantall frå 1 til 32 stk. Det er innkjøpt 8 kajakker til vaksne og 2 til born, som vil bli teke i bruk neste år.

På Skongenes Fyr har det vore auka overnattingstal og ny rekord med 434 overnattingar. I Påska var det åpent Fyr med kafe tre dagar, og mange tok turen ut. Som ein del av 150 års markeringa av Skongenes Fyr, blir det i mai 2020 konsert med Sigrid Moldestad.

01.01.2019 overtok vi som leigetakarar på Kråkenes Fyr. Det har vore stor etterspørsel for overnatting, og frå 15. april til 01. august har vi hatt ca 650 gjester. I sommarsesongen var kafeen åpen kvar lørdag og søndag, og mange har vore innom. I april var det konsert med Hilde Selvikvåg, der ca 70 personar møtte opp.

Årsmeldingar syner eit lokallag med stor aktivitet.

Det er gledelig at fleire av styremedlemmene stiller til gjenvalg. I tillegg er det svært gledelig at Gunn Hjertenes og Inge Jarl Kvalheim kjem inn som nye styremedlem.

årsmøtekake
årsmøtekake Foto: Vigdis Hatlenes

Skrevet av Vigdis Hatlenes 13. november 2019