Turrapport Slogen 06.09.2020

Tur til Slogen
Tur til Slogen Foto: Hans Ole Hoddevik

Dårlig vermelding førte til litt svakt oppmøte denne dagen. Vi var totalt 6 stk på tur. Veret blei mykje betre en venta, og det blei ein fin tur til Slogen, som av mange er rekna  som blant topp 10 av fjelltoppane i Norge. Det var komt nysnø på toppen.

Vi syntes alle det var spanande med all helikoptertrafikken over oss i samband med Tom Cruise filmen som kjem. Kanskje blei vi fanga opp som statister på fjelltur? Vi får følge med.

Alle turdeltakarane var nøgde med turen.

Turleiarane Arne-Jon og Jan Perry  

Bildet er frå ein tidlegare tur!




Skrevet av Vigdis Hatlenes 27. september 2020