Bilde frå KOM DEG UT dagen VÅGSØY 07.02.16

Premieutdeling
Premieutdeling Foto: Wenche Gangsøy

Barnas Turlag Vågsøy arrangerte i dag tur til Dalsneset i Deknepollen. Dalsneset ligg ved Polljavatnet og er ein kort gåtur frå hovudvegen ved Rema 1000.

Wenche Gangsøy som var ein av turleiarane i dag fortel at det var 14 voksne og 15 barn som møtte opp ved Rema 1000 i Deknepollen og blei med på tur til Dalsneset.  

Det var Quiz undervegs, og premiering til store og små. 

Wenche forteller at dei også hadde skattejakt. Dei hadde gjemt ei skattekiste med gullmynter i.  Det var stor stas! Turlaget delte også ut deltakerpremie til alle barn ( viskelær ). 

Turlaget laga bål så folk kunne grille det dei hadde med av pølser og marshmallows osv . 

Dalsneset har fine områder for leik i skogen, og ungane kosa seg med alle tauene dei kunne slenge seg i fortel Wenche. 

Skrevet av Hilde Barmen 7. februar 2016