Turrapport frå Ytre Fure 08.05

Fellesbildet ved Ytre Fure
Fellesbildet ved Ytre Fure Foto: Ingebjørg Isane Fure
Husene på Ytre Fure
Husene på Ytre Fure Foto: Bjørn Helge Svoren

I år vart det rekordstor oppmøte på turen frå Indre til Ytre Fure. Turen har lenge vore ein av dei mest populære turane til YNT. I fjor vart det rekord med ca 40 deltakarar, og i år vart det nesten dobla. 75 møtte opp og gjekk på tur.

Turleiar Ansgar Lillebø og leiar i Ytre Nordfjord Turlag,Tor Magne, leia turfølget. Ansgar har vore fast turleiar på akkuratt denne turen år etter år. Turen startar ved husa i Indre Fure. Tor Magne fortel: " Sommaren kom når vi reiste på tur til Ytre Fure.

Da eg kom fram til parkeringsplassen så var det smekkfullt og vi kom ca en halvtime før turstart. Et utrulig fint syn med så mange turglade samla på ein plass klar til tur. Ansgar tok en liten gjennomgang av turen før turstart også bar det avgarde."

Tor Magne og Ansgar tok med seg nokon spadar og grafser, og utbedra stien der dei tykte det var behov for det etter oppmoding frå folket på Fure.

Tor Magne fortel vidara: "Vi såg ei lang rekke med folk som snirkla seg fram langs fjellsida og fjæra, det var faktisk eit imponerande syn. Etter vel ein time i strålande sol, litt graving her og der så var vi framme."

Ved Ytre Fure varta Ingebjørg Isane Fure opp med nytrekt kaffi og sjokoladekake.

Ein gjeng fra Olden var også med og dei valgte å gå fjellet heimigjen for å få så mykje sjøluft som mulig før heimreise fortel Tor Magne.

"I nabohuset satt det ein kar å spelte trekkspel til mange turgåarars store glede. Dessverre måtte vi be han slutte å spele da det viste seg att han spelte regndansen og vi kjente noken få regndråpar. Når han la trekkspelet sitt vekk kom sola tilbake!"

Sjølv om turleiarane var noken av dei siste som ankom Indre Fure så var det mykje folk der. Det såg ut for at dei ikkje ville att turen skulle ta slutt, folk satt på graset i fjæra og ungane kosa seg på stranda. Ei av damene som var med heiv seg likeså godt uti sjøen for en dukkert.

Bildene frå turen blir brukt med tillatelse frå fotografane Siw Persson og Bjørn Helge Svoren. Takk for flott bilder å vise fram!

Indre Fure
Indre Fure Foto: Bjørn Helge Svoren

Turen går utover på god sti i litt variert terreng. Stien går langs sjøen, men nokon stadar går den litt opp i høgda.

Fjøra utover mot Ytre Fure
Fjøra utover mot Ytre Fure Foto: Siw Persson
Rekordstort oppmøte
Rekordstort oppmøte Foto: Bjørn Helge Svoren
Kusymre og fiol
Kusymre og fiol Foto: Siw Persson

Ved å trykke på bilete under får de sjå mange fleire flotte bilete frå turen.

Skrevet av Hilde Barmen 8. mai 2016