Premieutdeling Vintertrimmen Junior

Vintertrimmen Junior
Vintertrimmen Junior Foto: Wenche Gangsøy

21. juni var det samling for dei som har vore med på Vintertrimmen Junior i regi av YNT. 

Vintertrimmen Junior har vore gjennomført i Vågsøy dei siste 5 åra. Det er 10 turmål fordelt over heile kommunen. Desse kan ein gå når ein vil, aleine eller med YNT på fellesturar.

Grete S. Landøy og Wenche Gangsøy var med frå YNT. Sønene deire Daniel og Olai var med og delte ut premiar.

Det var ca 50 som møtte opp fortel Wenche. Det var 40 barn som fikk statuett og diplom. Og av dei var det 18 stk som hadde gått alle 10 postane.

YNT fekk sponsa masse frukt fra kiwi. Tusen takk for det!!

I tillegg sponsa Måløy Kino 1 kinobillett til dei som hadde gått alle 10 postene.  Det vart stor jubel fra ungane !!

Vintertrimmen Junior
Vintertrimmen Junior Foto: Wenche Gangsøy

Skrevet av Hilde Barmen 4. juli 2016