Turrapport

Hornindalsrokken 21.08.16

Hornindalsrokken
Hornindalsrokken Foto: Siw Persson

Søndag var det tur til Hornindalsrokken med YNT. Hornindalsrokken ligg 1529 moh. Turfølget talte i dag 9 deltakara inklusiv turleiarane. Terese Solibakke og Per Rune Loen var turleiarar i år som i fjor.

Turleiar Therese fortel: "  Det var ein supermotivert og spent gjeng som byrja turen i 10 tida. Veiret underveis var lunt og lett overskya, eit flott turveir. Vi hadde småpausar underveis og matpause inn ved Rokkeråsa før vi gyvde laus på veggen opp! Ein utrulig dyktig gjeng som passa godt på at alle og einkvar hadde det bra! God prating underveis, latteren sat laust😊oppe i steinura traff vi snø, og litt sol.

Vi gjekk vidare til toppen, der vi fotograferte og rusla rundt omkring. Utsikta idag var rett og slett vakker! Kjentfolk peika ut bl a Slogen, Skåla, Dalagubben. Såg godt heilt opp til Ålesund i klart flott veir!

På veg nedatt fekk vi varm og god sol! Ein flott tur, so utfordra litt høgde og lengde!

Vi brukete 3,5 timar opp, og 3 timar ned, inkludert pauser.

Tusen takk for turen!!!"

Der er toppen!
Der er toppen! Foto: Siw Persson
Hornindalsrokken
Hornindalsrokken Foto: Therese Solibakke
Litt klyving nokre plasser
Litt klyving nokre plasser Foto: Therese Solibakke
Matpause
Matpause Foto: Therese Solibakke
Snøffonna mot toppen
Snøffonna mot toppen Foto: Therese Solibakke
På toppen!
På toppen! Foto: Therese Solibakken
Luftig og flott utsikt
Luftig og flott utsikt Foto: Therese Solibakke

Skrevet av Hilde Barmen 25. august 2016