Turrapport frå Gjegnen 27.-28.august

Gjegnen
Gjegnen Foto: Berit Engelbretson

Tradisjonen tru stod Gjegnen på turprogrammen denne hausten også. Gjegnen har blitt ein av dei faste turane til YNT då det er eit av favorittfjella til turleiararane Ronny og Jon Ove .

Gjegnen er ein tur som krev litt ok vær. Turen krev også påmelding då det er overnatting på DNT-hytta Gjegnabu. Fleire år har det vore mange påmeldte til turen, men når turen nermar seg blir det desverre ikkje så mange. I år var 14 stk påmeldt. Værmeldingane var desverre dårlige og det stilte berre opp to turdeltakarar ved Hope i Hyen.

Turleiar Jon Ove Teigland gjekk turen saman med to personar. På grunn av været valde dei å berre gå til Gjegnabu, og droppe turen til Gjegnen. Turen frå Gjegnabu og opp til toppen krev 2-3 timar kvar veg frå hytta, og deretter skal ein heilt nedatt til Hope. 

Dei gjekk ned via Lavesteinen.

Utsikt frå Gjegnabu
Utsikt frå Gjegnabu Foto: Berit Engelbretson
Snøen ligg enda
Snøen ligg enda Foto: Berit Engelbretson
På veg ned
På veg ned Foto: Berit Engelbretson

Biletet under er frå YNT sin tur eit anna år. Bildet viser Gjegnabu i front og Gjegnen bak. For å komme til Gjegnen må ein heil runde rundt

Gjegnabu og Gjegnen
Gjegnabu og Gjegnen Foto: Hilde Barmen

Skrevet av Hilde Barmen 6. september 2016