Turrapport KOM DEG UT Vågsøy

Søholmen
Søholmen Foto: Wenche Gangsøy

Ytre Nordfjord turlag markerte KOM DEG UT-dagen både i Vågsøy og på Stad. BT Vågsøy hadde tur til Søholmen i dag. 30 barn og 28 voksne var med på tur i det flotte været.

Søholmen ligg på Totland, rett før leirstaden Fjordly. Ein parkerer på høgre side av vegen før Fjordly. På høgre side av vegen går det ein grusveg nokre hundre meter. Ein kan gå med barnevogn, men ein må over ei bratt høgde og litt ugjevn veg.

På veg bort til Søholmen var det Quiz frå DNT og Norsk Tipping. Det var premiering til alle barna. Alle fekk sitteunderlag og buff frå KIWI. I tillegg var det trekning av tre deltakarar som fekk Turbo-bamse, matboks og bok.

Maskoten til Barnas Turlag, Turbo, var også med på tur i dag! 

KIWI var sponsor og delte ut gode skjever med salat og fiskekaker! Det var stor suksess! 

YNT hadde kjøpt inn nokre fiskestenger, og nokon hadde med seg eigne. 

Det var fri leik i fjøra, fisking, grilling i det fine været.

Søholmen
Søholmen Foto: Wenche Gangsøy
Turbo var med på tur!
Turbo var med på tur! Foto: Wenche Gangsøy
leik i fjøra
leik i fjøra Foto: Wenche Gangsøy
Kiwi var sponsor
Kiwi var sponsor Foto: Wenche Gangsøy
Fiskelykke!
Fiskelykke! Foto: Wenche Gangsøy
Grilling
Grilling Foto: Hilde Barmen
Yngste turdeltakeren
Yngste turdeltakeren Foto: Wenche Gangsøy
Turlederane Therese og Wenche, og sponsor Kiwi
Turlederane Therese og Wenche, og sponsor Kiwi Foto: Hilde Barmen

Skrevet av Hilde Barmen 4. september 2016