Turrapport Slogen 04.09

Slogen
Slogen Foto: Håkon Jan Vederhus

Arne Jon Kandal og Jan Perry Osnes tok med turfølget på Slogen i går. Slogen er 1564 m.o.h

Turleder Arne Jon forteller: "Vi var bare 8 deltakere da vi starta fra Liasetra ved Engeset like ved Stranda. Fleire sunnmøringer hadde meldt seg men trakk seg frå turen på grunn av usikkert vêr. Vi som gjekk hadde ein fin tur sjølv om det var mykje tåke. I perioder letta tåka litt så vi fekk sjå litt av den storslåtte naturen.

Vi starta frå Liasetra ca 10.30 og kom til Patchellhytta ca 2t seinare. Her tok vi ein matpause. Så gjekk vi mot toppen. Alle var i rimelig bra form. Sjølv om det var mykje tåke møtte vi mange på vegen mot toppen (ca 40). Eg hadde med tau som vi brukte på siste delen av turen. Særleg da vi skulle ned igjen meinte fleire at dette var til god hjelp. Det var litt fuktig på berget på grunn av mykje tåke og litt yr. Alle nådde toppen og var svært nøgd med det. Dette også sjølv omdet var dårleg sikt. Eit par av deltakarane likte at tåka var der på grunn av at dei hadde høydeskrekk. Vi kom oss sikkert ned til Patchellhytta.

Vi var på Liasetra ca klokka 7. Alle ga uttrykk for at dei var svært nøgde med turen. "



Foto: Håkon Jan Vederhus
På toppen!
På toppen! Foto: Håkon Jan Vederhus
Litt sikring på veg ned
Litt sikring på veg ned Foto: Håkon Jan Vederhus
På veg ned
På veg ned Foto: Håkon Jan Vederhus

Skrevet av Hilde Barmen 5. september 2016