Ny vri på Vintertrimmen 2016/2017!

Klippekort til Vintertrimmen
Klippekort til Vintertrimmen

No er tida komen for å presentere noko vi har gleda oss lenge til å dele med dykk! I år blir det ein ny vri på registrering av Vintertrimmen. Ytre Nordfjord Turlag startar opp med klippekort frå 1. oktober.

INFORMASJON OM KLIPPEKORTA

  • Klippekorta må kjøpast på forhånd hos Notabene i Måløy
  • Salget startar 1. oktober
  • Prisen er 125,- Prisen gjeld både barn og voksne som går Vintertrimmen. 
  • Kortet må tas med på kvar fjelltopp og ein stemplar seg inn. Det er ulike "symbol" på kvar topp. 
  • Vintertrimmen Junior går som før UTEN klippekort,  påmelding på Notabene som før
  • Ferdig utfylt kort leverast på Notabene før 15. mai


  • Premiering
  • Alle som går sju toppar får T-skjorte 
  • Alle som går 12 toppar er med i trekning av tre flott premiar (sjå kortet)


 INFORMASJON OM VINTERTRIMMEN

  • 1. oktober -15. mai
  • NYTT av året er også at det no er 14 toppar, der ein kan velge 12 valgfrie toppar for å bli med i trekning av premier
  • KVAMEFJELLET i Selje kommune er ny topp. Start frå Berstad/Moldefjorden
  • Skriv deg gjerne inn i bøkene som før! Vi tel kor mange som går på dei ulike fjelltoppane kvart år!


YNT jobbar fortløpande med å oppdatere nettsida med informasjon om alle turane



Marine Harvest er sponsor av klippekorta

Klippekort Vintertrimmen
Klippekort Vintertrimmen

Skrevet av Hilde Barmen 18. september 2016