Turrapport OPPTUR med 8 klasse Selje Skule

Kvernhusdalen
Kvernhusdalen Foto: Tor Magne Gangsøy

Det var en herlig gjeng med 8-klassingar som var med på vårt OPPTUR arrangement på Selje Skule.

Det var blitt 3 Mai og OPPTUR for 8 klasse. Opptur er eit arrangement der DNT inviterar 8 klassingar med seg ut på tur i naturen. I år var det Selje Skule sine 8 klassingar som vart inviterte og 25 elevar var klare til dyst då styreleiar Tor Magne Gangsøy inviterte til tur. Ein liten gjennomgang på klasserommet før utdeling av buffar, refleks, sitteunderlag og vatn. Sola skein fra skyfri himmel så alt låg tilrette for ein fin OPPTUR. Turen gjekk til Kvernhusdalen, eit område som småskulen nyttar veldig ofte til friluftaktivitetar. Her var både grue, plassar å sitte, fiskemuligheiter og båtar for dei som ville ut å ro. Vel oppe vart det arrangert Quiz der vinnarlaget klarte heile 9 av 10 rette, premie var huer til alle på vinnarlaget. Hovedpremien var eit opphald på sommarcamp på Værlandet for 2 elevar der dei møter andre ungdomar fra fylket til leik og moro i 4 dagar i August, denne premien vart trekt ut på lodd så alle hadde like stor sjanse til å vinne. Det vart også sjølsagt tid for grilling av pølser som vi var så heldige å få sponsa fra den lokale Bunnpris butikken, ein stor takk til dei :) Selje Skule skal være stolte av 8 klassingane sine, ein flott sammensveisa gjeng som lo å kosa seg under heile turen

Opptur Selje Skule
Opptur Selje Skule Foto: Tor Magne Gangsøy
Leirplassen i Kvernhusdalen
Leirplassen i Kvernhusdalen Foto: Tor Magne Gangsøy
Opptur quiz
Opptur quiz Foto: Tor Magne Gangsøy
Selje sanden
Selje sanden Foto: Tor Magne Gangsøy