Påska på Skongenes fyr

Påska 2017
Påska 2017 Foto: Tor Helge Hansen

Ytre Nordfjord Turlag drifter Skongenes fyr. Dette er ei DNT-hytte med standard DNT-nøkkel, og det er ein av postane på Vintertrimmen i regi av YNT.

I påska er det blitt tradisjon at fyret er ope for alle. Også i år var det "ope fyr" og salg av vafler der ute i. I år var det Tor Helge Hansen som var "fyrvokter". Han anslår at omkring 150 personar var innom fyret desse tre dagane.

Tor Helge forteller :  "Det gikk fint på fyret i påska og det var bra med besøk. Fyret var opent tre dagar; Skjertorsdag, langfredag og søndag 1. påskedag. Dette viste seg å ver heldig, været var flott torsdag, fredag og søndag. Lørdagen var det snø, slaps og skikkelig surt.

Vi serverte vafler, kafi/te og saft. Salget var bra og folk var gla og fornøgd. Ingen spurte etter grillkol for grilling. 

Det var overnattingsgjestar frå torsdag til fredag. Ein av dei hadde med sykkel, trudde det var fint å sykle ut. Men det blei 100 meter sykling og bæring resten. Natt til lørdag kom eit par som budde i telt ved siden av maskinhuset. På søndagen kom det også eit par som skulle overnatte til 2. påskedag.

Sjølv budde eg og jentene mine på fyret frå onsdag kveld til lørdag morgen. Dei er 4 og 9 år, dei kosa seg stort der ute. 

Påska 2017
Påska 2017 Foto: Tor Helge Hansen
Påska 2017
Påska 2017 Foto: Tor Helge Hansen
Påska 2017
Påska 2017 Foto: Tor Helge Hansen
Påska 2017
Påska 2017 Foto: Tor Helge Hansen

Turgåar Siwpersson tok turen ut til Skongens fyr i påska og var strålande fornøgd. Ho anbefaler alle å ta turen ut neste gang det er opent der ute. "Det var nydelig med vafler, rømme og syltetøy! Og det var sikkert 50 personer der ut mens ho var der" seier ho.

Påska 2017
Påska 2017 Foto: Siw Persson
Påska 2017
Påska 2017 Foto: Siw Persson

Skrevet av Hilde Barmen 11. mai 2017