Turrapport- Kvanndalseggja 22.mai

Kvanndalseggja
Kvanndalseggja Foto: Karin Eltvik

Bjarte Refvik og Kari Solheim var turleiarar til Kvanndalseggja. 

Turleiar Kari fortel: "Vi var 8 stk og hunden Una som møttes ved Kjølsdalen Skule. Vi kjøyrde opp til Navestøylen og parkerte. Fin sti innover Navestøylsmyrane før vi svinga oppover Lidahalsen til hytta på Rindane. Her hadde vi første pausa med flott utsyn over sætredalen og Kjølsdalen.

Vidare oppover mot Ljådalsfjellet(818moh) der vi hadde ei lita pause. Så opp på Kvanndalseggja (951moh ) med ei fantastisk utsikt alle vegar. Vi var heldige og hadde utsikta til vi hadde fått påfyll av litt mat og drikke. Skodda kom fort sigande...vi starta på heimveg og hadde eit lite stopp ved foren av Kvanndalseggja for å nyte utsikta ned dei stupbratte sidene til Kvanndalen. Pga skodde fekk vi ikkje den beste utsikta. Litt lett regn nedover til vi kom nedatt til Rindane så letta det opp☺

Vi brukte 1t 45 min opp og litt over timen ned.

Ein flott tur i eit flott turfølge 👍Takk for turen☺☺"

Kvanndalseggja
Kvanndalseggja Foto: Siw Persson
Kvanndalseggja
Kvanndalseggja Foto: Siw Persson
Kvanndalseggja
Kvanndalseggja Foto: Siw Persson
Kvanndalseggja
Kvanndalseggja Foto: Siw Persson
Kvanndalseggja
Kvanndalseggja Foto: Siw Persson
Kvanndalseggja
Kvanndalseggja Foto: Karin Eltvik
Kvanndalseggja
Kvanndalseggja Foto: Siw Persson

Skrevet av Hilde Barmen 23. mai 2017