Turrapport- Hornelen frå Berle 5. juni

Hornelen frå Berle
Hornelen frå Berle Foto: Otto Sandvik

"8 turglade personer blei møtt av 2 turleiarar på Berleneset og turstart for turen til Hornelen" fortel Tor Magne, som stilte som turleiar saman med Annette Hovden.

Turleiar Tor Magne Gangsøy fortel: "Turen til Hornelen og Nord Europas høgastesjøklippe er ein av dei mest tradisjonsrike turar som YNT arrangerar. Kvert år arrangerar vi ein eller 2 turar til toppen. Det er blitt laga ny parkeringsplass på Berleneset med god plass til bilar, stistart er no flytta litt lenger mot sør enn tidlegare.

Turen skulle egentlig arrangerast søndag men blei utsett til Mandag 2. Pinsedag da været ifølge "dei lærde" skulle være bedre. Men været er, som så mykje anna her i livet ikkje så godt å forstå seg på. Men det var opphold og spredt sol mellom skyene.

Oppover bakkane bar det avgårde og det var ikkje noke å sei på tempoet, det var full fart fra start til mål, første rasten kom oppe på høgda da 500 høgdemeter var tilbakelagt. Godt med ein rast der ein fyller på med både mat og drikke før ein bærer seg i kast med siste halva av turen. Når ein vel er oppe på 500 meter er den tyngste stigninga unnagjort så det gjer seg med ein stopp.

Resten av turen gjekk også i eit høgt tempo, damene i front som var i overkant spreke bana vei og var oppe på toppen på under 3,5 timer som må seiast å være rett så kjapt i turlagssammenheng. Etter ein kort rast på toppen med ein innlagt fotoseanse bar det utforbakka igjen. Grunnen til att det blei ein litt kort stopp på toppen var att skodda kom snikande over toppane og ein ville være sikker på å komme seg ned i lavlandet før den evt la seg.

Turen ned gjekk kjempefint og ein fin og turglad gjeng rakk ferja vi tok sikte på å nå på toppen med god margin. Vi takkar alle fremmøtte for ein fin tur til ein av dei mest særprega landemerka vi har her i ytre Nordfjord."


Vi vil gjerne minne om turen til Hornelen fra Hunskår 17.09.

Hornelen frå Berle
Hornelen frå Berle Foto: Otto Sandvik
Hornelen frå Berle
Hornelen frå Berle Foto: Otto Sandvik
Hornelen frå Berle
Hornelen frå Berle Foto: Otto Sandvik
Hornelen frå Berle
Hornelen frå Berle Foto: Otto Sandvik
Hornelen frå Berle
Hornelen frå Berle Foto: Otto Sandvik

Skrevet av Hilde Barmen 7. juni 2017