Vintertrimmen
Vintertrimmen er ein av hovudaktivitetane til Ytre Nordfjord Turlag. YNT har hatt Vintertrimmen i ca 30 år.
YNT har satt opp postkasser og turbøker på over 20 fjelltoppar/stadar i kommunen. Alle kan skrive seg inn i turbøkene som ligg på fjelltoppane heile året. Årleg skriv mellom 8-10 000 personar seg inn i turbøkene på fjelltoppane. YNT har Vintertrimmen som er i hovudsak for vaksne (alle) og Vintertrim Junior for born inntil 12 år.
FJELLTOPPANE SOM ER MED I VINTERTRIMMEN:
- Hesten
- Kletten
- Kjeretoppane
- Veten
- Gottrøysa
- Brurahornet
- Skadebakken
- Rystestøylen
- Børahornet
- Skongenes Fyr
- Hanekammen
- Synnevahornet
- Mosekleivshornet
- Kvamefjellet
Hugs alltid FJELLVETTREGLENE
Obs! Turinformasjonen er hentet fra Ut.no. Med forbehold om feil.
INFORMASJON OM KLIPPEKORTA
- Klippekorta må kjøpast på forhånd hos Notabene i Måløy
- Salget startar 1. oktober
- Prisen er 150,- for voksne som går Vintertrimmen (hovudvintertrimmen).
- Kortet må tas med på kvar fjelltopp og ein stemplar seg inn. Det er ulike "symbol" på kvar topp.
- Vintertrimmen Junior starta med klippekort oktober 2017, pris 100,- Kjøp av klippekort hos Notabene Måløy
- Ferdig utfylt kort leverast på Notabene før 15. mai
- Skriv på størrelse på t-skjorte som premiering
INFORMASJON OM VINTERTRIMMEN
1. oktober -15. mai
Alle som har kjøpt klippekort og går sju toppar får T-skjorte
Alle som har kjøpt klippekort og går 12 toppar er med i trekning av tre flott premiar, sjå liste nedanfor.
- På klippekortet er det totalt 14 turpostar, men ein vel dei 12 turpostane ein ønskjer å gå på for å være med i trekning av hovedpremiar
- Skriv deg gjerne inn i bøkene som før! Vi tel kor mange som går på dei ulike fjelltoppane kvart år!
MOWI og Net-Partner er sponsor av klippekorta
HOVEDPREMIAR.
Desse vert trekt etter at Vintertrimmen er ferdig og alle kort er levert inn.
1. PREMIE: HOTELLOVERNATTING INNTILL 4000,-
2. PREMIE: GÅVEKORT 1500,-
3. PREMIE: OVERNATTING FOR 2 PÅ SKONGENES FYR.
REGLAR VINTERTRIM JUNIOR:
- Du må besøke toppane/postane mellom 1. oktober og 15. mai
- For å få statuette må du gå minst 5/10
- For å bli med i trekning av premier må du gå 10/10 toppar
FJELLTOPPANE SOM ER MED I VINTERTRIMMEN JUNIOR:
- Holvikposten
- Nibbefjellet
- Kletten (Deknepollen)
- Dalsneset
- Trimløypa
- Kjeretoppane
- Ørna
- Gamle Kvalheimsvegen
- Noranakken
- Lefdalsvatnet
Holvikposten er på veg til Kletten, Ørna er på veg til Børahornet
For Klippekorta til Vintertrimmen Junior er det ISOVENT AS som er sponsor.